Gå direkt till innehållet
Kommunikasjon i profesjonsutøving
Spara

Kommunikasjon i profesjonsutøving

Författare:
Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
Denne boka bidreg med kunnskap og omgrep slik at profesjonsutøvarar kan utvikle relasjonskompetanse og kommunikasjon gjennom faglege analysar og vurderingar. God kommunikasjon og fungerande relasjonar kan vere avgjerande for resultata av behandling og tenester. Forskinga om dette, frå fleire praksisfelt, er omfattande og eintydig.

Profesjonar i helse- og sosialsektoren har til felles at dei skal utøve arbeidet sitt i andletsnære relasjonar til brukarar: pasientar, klientar og pårørande. Sjølv om dei har omfattande sakkunnskapar, nyttar denne lite om ikkje utøvaren evnar å omsette denne kunnskapen i relasjonen til brukaren. Slik relasjonskompetanse har tradisjonelt vore undervurdert i utdanningane, og praksis på dette feltet er ofte tilfeldig.

Utgangspunktet for denne boka er at profesjonsutøvarar har eit overordna fagleg ansvar, også for det relasjonelle. Berre slik kan statusen til denne kompetansen aukast og praksis utviklast og betrast.

Tor-Johan Ekeland er professor (dr.philos.) emeritus i sosialpsykologi ved Høgskulen i Volda.
Undertitel
Ei innføring for helse- og sosialarbeidarar
Upplaga
1
ISBN
9788215067292
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
419 gram
Utgivningsdatum
2024-10-29
Sidor
195