Ingenmannsland
507 kr
Spara till önskelista
Korte forteljingar som blir verande lenge i lesaren.
Eit elskande par hamnar på sjøen, ei kvinne tar seg av den aldrande mor si og prøver å finne kjærleiken samstundes, ein gut er redd for å bli eit monster i løpet av natta, ei kvinne ber den døde hunden sin gjennom skogen for å finne ein gravstad. Novellene i «Ingenmannsland» handlar om utroskap, angst, kjærleik og lengt, men òg om kampen for tilværet, utanforskap og radikalisering. Her er realistisk samtid og dystopisk framtid.
Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen, som aldri har stått sterkare enn i dag. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Dei som bidrar, er blant våre fremste forfattarar: Marit Kaldhol, Ingvild Holvik, Sigrid Merethe Hanssen, Vidar Kvalshaug, Solfrid Sivertsen, Hilde Myklebust, Rønnaug Kleiva og Lars Petter Sveen. Boka presenterer òg ein debutant, Ingrid Senje.
«Ingenmannsland» er første utgåve i den årlege novelleantologien «Nye nynorske noveller».
- Undertitel
- Nye nynorske noveller
- Författare
- Vidar Kvalshaug, Marit O. Kaldhol, Lars Petter Sveen, Sigrid Merethe Hanssen, Rønnaug Kleiva, Ingvild Holvik, Hilde Myklebust, Solfrid Sivertsen, Ingrid Senje
- Upplaga
- 1
- ISBN
- 9788234001949
- Språk
- norska nynorska
- Vikt
- 295 gram
- Utgivningsdatum
- 2020-04-03
- Förlag
- Samlagsantikvariatet
- Sidor
- 175
