Gå direkt till innehållet
Fiskebolleboks-raketten
Fiskebolleboks-raketten
Spara

Fiskebolleboks-raketten

Författare:
Norska (nynorsk)
Ålder: 6-9 år
Lägsta pris på PriceRunner
Läs i vår app eller ladda ned
Follow your dream! Nils og faren er snart ferdige med det gigantiske byggeprosjektet sitt: å lage ein rakett av fiskebolleboksar. Ja, ein fiskebolleboks-rakett! No er det kun få dagar att til den siste knappen kjem i posten, sjølvaste oppskytningsknappen. Då kan faren endeleg få reise rundt månen og oppfylle den store familiedraumen. Og det blir vel veldig bra? spør Nils med eit bleikt smil rundt munnen. Ja, kjempebra, smiler faren attende. Men er ikkje stemma hans litt skjelven? Fiskebolleboks-raketten er ei humoristisk og absurd forteljing om eit altfor stort byggeprosjekt. Men mest av alt handlar ho om den store kunsten det er å verkeleg snakke saman. Boka er gjennomillustrert av forfattaren. Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, og blei tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris i 2012 for Unni og Gunni reiser. Folkestad er kjent for sine humoristiske og lett absurde forteljingar som fengar barnelesaren.
Ålder
6-9 år
Upplaga
1
ISBN
9788234005091
Språk
Norska (nynorsk)
Utgivningsdatum
2021-08-18
Förlag
Samlaget
Tillgängliga elektroniska format
  • Epub - vattenmärkt
Sidor
135
Läs e-boken här
  • Adlibris app
  • Läsplatta
  • Dator