Gå direkt till innehållet
  1. Böcker
  2. Romaner
  3. Samtidsromaner

Ein gartnar døyr

Författare:
Inbunden, 2011
norska nynorska
Serie:Fabula
315 kr
Lägsta pris på PriceRunner

Den franske forfattaren Lucien Suel (f. 1948) har ein omfattande produksjon bak seg. Han er fyrst og fremst kjent som poet, og har gitt ut ei rekkje diktsamlingar. Han har også vore redaktør i tidsskriftet "The Starscrewer" som var vigd beat-generasjonens poesi og gjendikta Kurt Schwitters og Jack Kerouacs poesi til fransk. Ein gartnar døyr var hans romandebut, og Suel har her skrive ein særeigen og poetisk prosa. Hovudpersonen minnest eit heilt liv medan han arbeider i hagen, i nær kontakt med det forgjengelege ved både det som veks frå molda og sin eigen eksistens. Språket i romanen gjer meining i eit levd liv mogleg, til trass for, men også i kraft av døden.

Författare
Lucien Suel
Översättare
Grete Kleppen
Upplaga
1
ISBN
9788256017065
Språk
norska nynorska
Vikt
276 gram
Serie
Fabula
Utgivningsdatum
2011-11-02
Sidor
140