Gå direkt till innehållet
  1. Böcker
  2. Romaner
  3. Samtidsromaner

Dagbok frå eit tomrom

Författare:
norska nynorska
421 kr
Lägsta pris på PriceRunner

Humoristisk, skarp og utfordrande debut frå Japans nye litterære stjerneskot. Boka vart kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker, og vann den prestisjetunge Dazai Osamu-prisen i Japan. Med svart humor, presis samfunnssatire og sylskarpe observasjonar skildrar Dagbok frå eit tomrom kva som skal til for at ei kvinne skal bli sett – og kva det kostar å spele rolla andre treng at ho spelar.

Shibata er den einaste kvinna på kontoret. Det betyr éin ting: Ho får automatisk alle dei usynlege jobbane ingen andre vil ha – vaske kaffikoppar, rydde etter kollegaer, smile, stille opp, jobbe overtid. Oppgåver ho aldri har bedt om, men som likevel blir forventa av henne.

Ein dag får ho nok. I rein desperasjon – og med ein iskald ro – seier Shibata at ho ikkje kan vaske brukte kaffikoppar lenger, fordi ho er gravid og ikkje toler lukta. Og plutseleg skjer eit mirakel. Gravide Shibata treng ikkje servere kaffi. Gravide Shibata slepp overtid. Gravide Shibata får kvile, omsyn – og respekt. Problemet er berre éin liten detalj: Shibata er ikkje gravid.
No må ho halde liv i ei løgn som varer i ni månader – medan kollegaene gratulerer, magen “veks”, og forventningane aukar for kvar dag.





Författare
Emi Yagi
Översättare
Ingvill Kjærstein
ISBN
9788234013638
Språk
norska nynorska
Utgivningsdatum
2026-02-27
Speltid
4h 50min