Gå direkt till innehållet
  1. Böcker
  2. Noveller, poesi & dramatik
  3. Noveller

Alienisten og andre noveller

Författare:
norska nynorska
300 kr
Lägsta pris på PriceRunner

Brasilianske Machado de Assis står i dag fram som ei av dei mest særmerkte stemmene i verdslitteraturen – ein forfattar som med lågmælt ironi og skarpt blikk trengjer inn i menneskesinnet.

I Alienisten og andre noveller møter vi ein forfattarskap i rørsle, frå det tilsynelatande enkle og elegante til det djupt tvitydige og urovekkjande. Her glir realisme over i det absurde, og skarp samfunnssatire står side om side med finstemte studiar av sjølvbedrag, makt og lengt. Gjennom små forteljingar om spegling og sjølvbedrag, kjærleik og ambisjon, teiknar han eit bilete av mennesket som både latterleg og tragisk, alltid på randen mellom fornuft og vanvidd.

Tittelnovella Alienisten har ein særskild plass i forfattarskapen. Med sin satiriske presisjon og sin leik med fornuft og galskap gjer ho narr av både vitskapen og makta, og peikar samstundes mot den psykologiske modernismen som seinare skulle kome til å dominere europeisk litteratur. Gjennom den eksentriske legen Bacamarte stiller Machado eit spørsmål som enno er ubehageleg aktuelt: Kven har rett til å definere kven som er normal?

Lenge var Machado lite lesen utanfor Brasil, men i dag blir han rekna som ein føregangsfigur for den psykologiske modernismen. Med uføreseieleg forteljarstil og stor innlevingsevne, skriv han fram mennesket som motseiingsfylt, sårbart og skremmande gjenkjenneleg.

Författare
Machado de Assis
Översättare
Øystein Vidnes
ISBN
9788279593874
Språk
norska nynorska
Vikt
330 gram
Utgivningsdatum
2026-06-02
Förlag
Skald AS
Sidor
284