
Anne
Dette er ein tillempa lydbok-versjon av Paal-Helge Haugens roman "Anne". Boka kom ut første gong i 1968, og vart snart rekna som ein moderne klassikar. Den innførde omgrepet 'punktroman', og vart skoledannande også i skandinavisk samanheng. Dokumentariske fragment frå ulike kjelder blir vovne saman med personlege tekstar i denne intense forteljinga om ei ung kvinnes liv og død, ein stad i Bygde-Noreg kring førre hundreårsskiftet. Paal-Helge Haugen: Tekstframføring. Daniel Sandén-Warg: Kontrabassharpe, munnharpe, flatfele, oktavfele, tamburin, middelalderharpe, iPhone. Musikalsk-tekstleg utforming: Paal-Helge Haugen og Daniel Sandén-Warg. Innspela 16. og 17. februar 2015 i Lydriket Studio, Bergen. Teknikar: Magnus Skylstad. Produsentar: Paal-Helge Haugen og Daniel Sandén-Warg. Kjelder, musikkinnslag: Bånsull frå Setesdal etter Daniel Steinsland. Nordafjells, rammeslått frå Setesdal etter Knut Jonsson Heddi. Munnharpeslått frå Setesdal i form etter Andres K. Rysstad. Vismelodi från Dalarna (trad.). Ölbackens polska (Anders Norudde). Salmetone frå Setesdal etter Gro S. Berg. Denne tillempa lydbok-versjonen inneheld ikkje all tekst frå bokpublikasjonen. For komplett tekst, sjå e-bok-utgaven.
- Författare
- Paal-Helge Haugen
- Uppläsare
- Paal-Helge Haugen
- Upplaga
- 1
- ISBN
- 9788202589370
- Språk
- Norska (nynorsk)
- Utgivningsdatum
- 2017-12-13
- Förlag
- Cappelen Damm
- Tillgängliga elektroniska format
- MP3 - i en fil
- Speltid
- 0tim 40min
- Lyssna här
- App
- Dator
