Gå direkt till innehållet
Peter Hognestad
Peter Hognestad
Spara

Peter Hognestad

Författare:
Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
Läs i app eller ladda ned
Peter Hognestad (1866-1931) var biskop i Bjørgvin frå 1916 til 1931, etter at han hadde vore styrar ved Notodden lærarskule, bygdeungdomsprest i Kristiania og lærar ved Menighetsfakultetet. Bondesonen frå Jæren gjorde eit uvurderleg pionerarbeid for nynorsk bibelog kyrkjespråk. Saman med Anders Hovden og Bernt Støylen gav han i 1925 ut Nynorsk salmebok, og han stod sjølv for folkekjære gjendiktingar som «Det hev ei rosa sprunge», «Leid milde ljos» og «Fager kveldsol smiler». Hognestad var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål, Studentmållaget sin «Fyrebilsbibel» frå 1921. Peter Hognestad var ein samarbeidsmann som engasjerte seg i bade frilynt og kristeleg ungdomsarbeid. Samstundes var han prinsippfast, og det skapte sterke reaksjonar at han konsekvent brukte nynorsk både i undervisninga ved Menighetsfakultetet og som biskop i Bergen. Førsteamanuensis Per Halse er fødd i Ørsta 1957. Han har teologisk embetseksamen frå Menighetsfakultetet og tilleggsutdanning i historie frå Universitetet i Tromsø og i pedagogikk frå Høgskulen i Volda. Halse var kateket, lærar og prest i Karlsøy frå 1985 til 1990. Sidan 1991 har han undervist ved Høgskulen i Volda, og han var rektor der frå 2011 til 2015. Halse har doktorgrad frå Universitetet i Oslo om framveksten av nynorsk kyrkjespråk, han har laga lærebøker for høgare utdanning og skrive fleire artiklar i tidsskrift som Kirke og Kultur og Syn og Segn. Til biografien om Peter Hognestad har han skaffa fram mykje frå både offentlege og private arkiv som ikkje har vore publisert før.
Undertitel
Språkstrid og heilag fred
Författare
Per Halse
Upplaga
1
ISBN
9788252190748
Språk
Norska (nynorsk)
Utgivningsdatum
2017-10-27
Förlag
Samlaget
Tillgängliga elektroniska format
  • Epub - vattenmärkt
Sidor
472
Läs e-boken här
  • App
  • Läsplatta
  • Dator