Gå direkt till innehållet
Ein, ingen og hundre tusen
Ein, ingen og hundre tusen
Spara

Ein, ingen og hundre tusen

Författare:
Norska (nynorsk)
292 kr
Lägsta pris på PriceRunner
Läs i vår app eller ladda ned
«Ein, ingen og hundre tusen» (1926) er ein surrealistisk, vittig, skarp og reinskoren monologisk roman. Hovudpersonen Vitangelo Moscarda oppdagar at nasa hans er skeiv, noko som kastar han ut i ei djup identitetskrise. Romanen er sett på som det mest konsentrerte og klaraste uttrykket for Luigi Pirandellos syn på livet som eit narrespel. Nobelprisvinnaren skreiv romanen over ein periode på 19 år, åra då han produserte dei mest kjende verka sine og meisla ut sitt eksistensialistiske menneskesyn. Pirandello blir ofte samanlikna med Samuel Beckett, og verka hans er minst like grunnleggjande for 1900-talets nyskapande litteratur. Det litterære språket hans er filosofisk reflekterande, men beintfram og ber preg av at forfattaren hadde føtene godt planta i den sicilianske landsbygda. Luigi Pirandello (1867-1936) vart fødd i ein velståande familie på Sicilia. Foreldra ønskte at han skulle ta over familieforretninga, men Pirandello var mest interessert i humanistiske fag og tok doktorgrad i filologi. I 1920-åra hadde forfattaren og dramatikaren veksande suksess med skodespela sine. Hans moderne og avantgardistiske litterære verk hadde etter kvart enorm påverknad på det moderne absurdteateret og gjorde Luigi Pirandello til ein av dei største italienske forfattarane gjennom tidene. I 1934 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.
Författare
Luigi Pirandello
Översättare
Kristin Sørsdal
Upplaga
1
ISBN
9788279593270
Språk
Norska (nynorsk)
Utgivningsdatum
2020-11-24
Förlag
Skald
Tillgängliga elektroniska format
  • Epub - vattenmärkt
Sidor
213
Läs e-boken här
  • Adlibris app
  • Läsplatta
  • Dator