Gå direkt till innehållet
Trådar frå fortida
Spara

Trådar frå fortida

Författare:
inbunden, 2023
Norska (nynorsk)
426 kr
Lägsta pris på PriceRunner
Før som no kledde folk ute kulde og regn, dei kledde seg for sveittande arbeidsdagar eller etter kven dei ville vere. Klede kan gje sjølvtillit eller vise kven ein vil høyre saman med. "Trådar frå fortida" handlar ikkje berre om korleis klede og sengeklede såg ut - om dei tøystykka ein skjulte kroppen med, var glatte, matte, lodne og blanke, grove, grøne, blå eller grå. Boka handlar også om det krevjande tekstilarbeidet med nøye utrekningar, stor skaparglede og verkande armar og ikkje minst kva som låg bak vala av tekstilar. I denne historia spelar kvinnene og arbeidet deira hovudrolla ettersom tekstilar først og fremst har vore eit feminint arbeidsfelt. Den geografiske avgrensinga gjer også at kystkulturen og fiskeria står sentralt i fleire av kapitla. Med utgangspunkt i arkeologiske funn, dokument, foto og gjenstandar tar Åsa Elstad for seg tekstilbruk i Nord-Noreg gjennom tusen år. Sjølv om eksempla er frå den nordlegaste landsdelen, er spørsmåla som blir tatt opp, allmenne. Tekstilane er knytt til mange sider ved norsk historie, som arbeidsdeling, kjønnsskilje, økonomiske og sosiale forhold og system, ressursar, etnisitet og ideologiar. Kvart kapittel i boka har ei oppskrift, ei praktisk øving for den som vil gå i spora til tekstilhandverkarar som har levd før oss.
Undertitel
Nordnorske klesplagg og handarbeid i tekstil
Författare
Åsa Elstad
Upplaga
1
ISBN
9788283051476
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
1443 gram
Utgivningsdatum
2023-10-04
Sidor
400