
Økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak
Kva slags økonomiske rettar kan medlemmane i eit samvirkeforetak ha? Kor omfattande kan dei vere? Og korleis skal økonomiske utdelingar frå foretaket fordelast mellom medlemmane? Spørsmåla blir drøfta i lys av samvirkeprinsippa og dei tilsvarande reglane for aksjeselskap. Hovudtemaet er norsk rett, men også internasjonal og utanlandsk rett blir trekt inn. Forfattaren har lagt stor vekt på å gi framstillinga ei praktisk forankring.
Boka vil vere nyttig for alle som støyter på samvirkerettslege spørsmål: leiarar og medlemmar i samvirkeforetak, advokatar, dommarar, forvaltingsjuristar, revisorar, rekneskapsførarar og andre.
Boka byggjer på doktoravhandlinga som forfattaren skreiv medan han var stipendiat ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo.
Tore Fjørtoft (f. 1973) er cand. jur. og Ph.D. i rettsvitskap. Han har tidlegare vore lovrådgivar i Justisdepartementets lovavdeling, og arbeider no i Advokatfirmaet Schjødt.
- Författare
- Tore Fjørtoft
- Upplaga
- 1
- ISBN
- 9788205476653
- Språk
- Norska (nynorsk)
- Vikt
- 1216 gram
- Utgivningsdatum
- 2014-12-03
- Förlag
- Gyldendal juridisk
- Sidor
- 639
