Matte overalt er eit læreverk i matematikk for grunnskulen. I Matte overalt er matematikk både interessant og utfordrande. Eit stort og mangfaldig oppgåveutval og gode, praktiske lærarrettleiingar gjer det lett å lage spennande og varierte opplegg utan mykje førearbeid.
Matte overalt
- formidlar matematikken gjennom situasjonar som elevane kjenner igjen
- motiverer elevane gjennom opne og utforskande oppgåver og ein fornuftig progresjon
- gjer det enkelt for læraren å planleggje og gjennomføre god, variert undervisning
Kapitla i arbeidsboka følgjer kapitla i dei to grunnbøkene. Her kan elevane i større grad arbeide individuelt etter at fagstoffet i grunnboka er gjennomgått. Arbeidsboka inneheld mange oppgåver med stor variasjon i vanskegrad.
Innhald:
Kapittel 1 Tala 11–20
Kapittel 2 Mangekantar og sirklar
Kapittel 3 Tabellar og diagram
Kapittel 4 Måling – lengd
Kapittel 5 Tala 0–100
Kapittel 6 Symmetri
Kapittel 7 Tid
Kapittel 8 Dobling og halvering
Kapittel 9 Talfølgjer, partal og oddetal
Kapittel 10 Kjøp og sal
Kapittel 11 Areal
Kapittel 12 Rom
Kapittel 13 Addisjon og subtraksjon