Gå direkt till innehållet
Vere og døy - døy og vere
Spara

Vere og døy - døy og vere

Författare:
Norska (nynorsk)
«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?» Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge. Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere. «Vere og døy - døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.
Undertitel
Dødslære
Författare
Kjartan Hatløy
Upplaga
1
ISBN
9788249525645
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
310 gram
Utgivningsdatum
2022-09-09
Förlag
Oktober
Sidor
119