Gå direkt till innehållet
Utstyrstekstar
Spara

Utstyrstekstar

inbunden, 2015
Norska (nynorsk)
Tekstane i Arne Henning Årskaugs debutbok er prega av språkleg overskot og er fulle av eigenarta forteljargrep. I opningsteksten er det er sjølve leilegheita som fortel om det unge paret som har flytta inn. Leiligheita er ikkje særleg optimistisk til at kjærleiken vil vekse og vare. "Det kjem til å kome betre kjærleikar" er refrenget frå ei leilegheit som har sett og høyrt det meste. Seinare i boka møter lesaren mellom anna eit par døddrukne og utrangla vener på nattbussen, der svingane styrer både kropp og forteljing, og nokre nyfikne kafégjestar som vert pressa til gje slepp på den daglege tralten sin for å forfølgje ei kvinne til verdas ende. I den siste teksten får ein representant frå paret i byrjinga, høve til sjølv å snakke ut, no som eldre og klokare. Korleis har det gått med kjærleiken? Fekk leilegheita rett i dei dystre spådommane sine? I Utstyrstekstar skapar både karakterar og forteljingar seg så godt dei kan i møte med alt kaklet og skaket som råkar dei på ulikt vis, utan at det nødvendigvis hjelper noko særleg.
Undertitel
Prosa
Upplaga
1
ISBN
9788252187274
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
343 gram
Utgivningsdatum
2015-04-09
Förlag
Samlaget
Sidor
174