Alt frå 1933 var partiet representert på Stortinget med markante personar, og i denne partihistoria får vi eit usminka portrett av mange av dei. Fleirtalet i toppen har vore menn, men innimellom Nils Lavik, Kjell Bondevik, Lars Korvald, Petter Koren, Egil Aarvik, Kåre Kristiansen, Jon Lilletun, Kåre Gjønnes, Kjell Magne Bondevik og Dagfinn Høybråten er det rydda brei plass også for kvinner som Elsa Skjerven, Bergfrid Fjose, Valgerd Svarstad Haugland, Hilde Frafjord Johnsen og Laila Daavøy. Ved sida av det rikspolitiske lengdesnittet legg denne partihistoria stor vekt på å skildre sjølve grunnfjellet som denne særnorske blandinga av parti og rørsle kviler på, og her er detaljrike analysar og personopplysningar frå alle kantar av landet.
Kåre Olav Solhjell har hatt tilgang til mykje nytt arkivmateriale, også om sjølve skipinga og dei første etterkrigsåra av partisoga. I tillegg har eit hundretals aktørar openhjartig og raust gitt han supplerande opplysningar og personkarakteristikkar.