Gå direkt till innehållet
Syn og segn. Hefte 3-2024
Spara

Syn og segn. Hefte 3-2024

Norska (nynorsk)
Den nye utgåva av Syn og Segn handlar det om skulen vår. Forfattar og illustratør Kari Stai skriv om barn og lesing. Skuleforskar Peder Haug bidreg med ein artikkel om høge ambisjonar og  harde realitetar i skulen. Dag og Tid-journalist Per Anders Todal skriv om kvifor den norske skulen treng ei digital avrusing. Forfattar og lektor Simon Malkenes forklarer korleis den internasjonale studien Pisa fekk ei så dominerande rolle i norsk skulepolitikk og om kva det har ført til. Per Emil Skjelbred  er opptatt av gutar og jenter og av korleis skulen kan bli meir praktisk. Kritikar Merete Røsvik skriv om filmen Lærerværelset og om lærarrolla. Den palestiske poeten Somaya Elsousi måtte flykte frå Gaza. No lever ho i Noreg og følgjer med på krigen gjennom telefonen. Heile tida ventande på livsteikn frå barn og barnebarn og resten  av den store familien. I tillegg skriv Pål Mykkeltveit om Lars Roar Langslet og konservatisme i Noreg, Ivar Dale om Samarkand og byen Andijan, Bernt Hagtvet har skrive om Berge Furre og kommunismens historie, Sverre Tusvik om Samlaget og Helene Larsen, som har vore elev på Samlaget og Minotenks skule for skrivande med minoritetserfaring har skrive ein dramatatekst.
Undertitel
Tidsskrift for kultur, samfunn & politikk
Upplaga
1
ISBN
9788234013270
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
272 gram
Utgivningsdatum
2024-09-23
Förlag
Samlaget