
Språkplanlegging og språkstrid
Denne boka analyserer og drar linjer gjennom heile 200-årsperioden frå unionoppløysinga i 1814 til i dag. Det er eit godt høve til å gjera ein slik analyse no. Med reformene i 2005 for bokmål og i 2012 for nynorsk er vi nemleg tilbake til ein situasjon der dei to målformene blir normerte kvar for seg og utan omsyn til kvarandre – slik det var for landsmål (nynorsk) i 1901 og for riksmål (bokmål) i 1907, før samnorskpolitikken. I tida imellom reformene tidleg på 1900-talet og no – og før, på 1800-talet – ligg periodar med politisk unike språksosiale eksperiment, som det ikkje finst kjende parallellar til nokon stad i verda. Det er ikkje noko å undrast over at verda rundt oss er interessert i denne politikken, når ein ser resultatet i dag: To norske skriftmålsformer som kvar for seg har vide rammer for ulike ord og ordformer, og eit land med meir dialektbruk enn i noko anna europeisk land. Denne boka fortel korleis og kvifor Noreg er blitt eit slikt språkleg annleisland.
- Undertitel
- Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814
- Författare
- Ernst Håkon Jahr
- Upplaga
- 3
- ISBN
- 9788283901870
- Språk
- Norska (nynorsk)
- Vikt
- 310 gram
- Utgivningsdatum
- 2026-01-23
- Förlag
- Novus forlag
- Sidor
- 159