
Språkplanlegging og språkpolitikk i skulen
språkpolitikk er det lagt planar for oss som språkbrukarar – anten me er elevar, studentar, lærarar eller andre innbyggjarar i Noreg.
Denne boka er fyrst og fremst tenkt som ei hjelp til lærarstudentar med norsk som undervisningsfag. Derfor handlar ho om planlegging av norsk språk, som primært vil seie dei to norske skriftspråka. Sjølv om norske talemål ikkje blir planlagde på same måten, er nettopp tilhøvet til talemåla særleg interessant i norsk skriftspråkplanlegging. Kunnskap om språkplanlegging og språkpolitikk trengst for å kunne undervise i norsk språk på ein fagleg føremålstenleg måte. Som norsklærar er du dessutan med på å planleggje språkbruken til elevane dine.
Leiv Inge Aa er professor i norskdidaktikk ved NTNU. Han arbeider med grammatikk, tale- og skriftvariasjon, språkpolitikk og -didaktikk.
Eli Bjørhusdal er professor i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Ho arbeider med språksosiologi, språkpolitikk og språkdidaktikk.
- Redaktör
- Leiv Inge Aa, Eli Bjørhusdal
- Upplaga
- 1
- ISBN
- 9788234008320
- Språk
- Norska (nynorsk)
- Vikt
- 339 gram
- Utgivningsdatum
- 2025-08-07
- Förlag
- Samlaget
- Sidor
- 156