Gå direkt till innehållet
Slaget ved Fimreite
Spara

Slaget ved Fimreite

Författare:
inbunden, 2024
Norska (nynorsk)
15. juni 1184 stod det endelege slaget mellom Sverre Sigurdsson og Magnus Erlingsson, som begge hevda at dei hadde krav på den norske trona, i Sogndalsfjorden ved Fimreite. Tusenvis av hærmenn kjempa i timesvis og fire langskip gjekk under. Likevel er det gjort få arkeologiske funn etter hendinga, og det er mykje vi ikkje veit – mellom anna kvar i fjorden slaget stod.

Sannsynlegvis ligg det framleis metall, steinar eller treverk på botnen av fjorden som ventar på å bli oppdaga. Er det mogleg å finne restar etter slaget med hjelp av dykkarar og moderne teknologi i dag?

I boka følgjer vi forfattar Rune Timberlid si lidenskapelege jakt etter spor som kan kaste nytt lys over historia. Vi får òg lese om den spennande og dramatiske opptakten til slaget – og får ei levande skildring av kampen der Magnus Erlingsson til slutt måtte bøte med livet.
Undertitel
På sporet av fjordens løyndomar
Författare
Rune Timberlid
Upplaga
1
ISBN
9788279593621
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
300 gram
Utgivningsdatum
2024-11-28
Förlag
Skald
Sidor
159