Gå direkt till innehållet
Sjølvmordsforsøket
Spara

Sjølvmordsforsøket

Författare:
nedladdningsbar mp3, 2022
Norska (nynorsk)
Lyssna i vår app eller ladda ned
Sterk, rørande og humoristisk forteljing om eit sjølvmordsforsøk og livet etterpå. Sommaren 2009 trudde 29 år gamle Oddvar Vignes at han hadde funne løysinga på alle problema han sleit med. Han bestemte seg for å ta sitt eige liv. Etter den avgjerda kjende han ein stor lette. Oddvar hadde rota økonomisk, han hadde ikkje fullført noka utdanning, kjende seg mislukka både på jobb og som kjærast og son. Han var djupt deprimert, men heldt fasaden. Han var blant anna ein humørfylt gjest i fleire bryllup i tida før alt skulle avsluttast. Ein septemberdag stengde han seg inne på eit hotellrom i Oslo med mål om å avslutte livet. Først måtte han berre skrive alle avskilsbreva som ville få alle han var glad i, til å forstå og godta. Kvart år tek mellom 600 og 700 nordmenn sitt eige liv. Oddvar Vignes kunne blitt ein i den statistikken. Dette er Oddvars forteljing om oppveksten på Finnøy, ungdomstid, sjølvmordsforsøk og vegen tilbake til livet. Dette er ei historie med håp, ei historie som endar godt, fortald av ein mann med humor. I dag er Oddvar gardbrukar på Finnøy. Han har teke over garden, gifta seg med Marie og nyleg fått vesle Agnes. Terningkast 6! Forfatteren beholder hele tida ambisjonen om å hjelpe oss til å oppdage tegn på ekstrem livssmerte, men uten å etterlate inntrykket av at dødsviljen er noe som hvem som helst kan forstå fullt ut. Han vil ha oss til å gjenkjenne, uten å påstå at vi alle faktisk kan eller skal kjenne oss igjen. «Sjølvmordsforsøket» er en varm og bunnsolid utgivelse. - Anna Serafima S. Kvam, Stavanger Aftenblad
Undertitel
Livet før og etter
Författare
Oddvar Vignes
Uppläsare
Anderz Eide
Upplaga
1
ISBN
9788234009860
Språk
Norska (nynorsk)
Utgivningsdatum
2022-09-04
Förlag
Samlaget
Tillgängliga elektroniska format
  • MP3 - i en fil
Speltid
2tim 4min
Lyssna här
  • Adlibris app
  • Dator