Gå direkt till innehållet
Rubin Langmo
Spara

Rubin Langmo

Författare:
inbunden, 2022
Norska (nynorsk)
Dette er historia om ein av våre største krigsheltar, Oslo-ungdommen Rubin Langmo. På Raufoss 10 april 1940, 20 år gammal, meldte han seg på kontoret til majoren som hadde ansvaret for å registrere menn som ville kjempe mot den tyske invasjonen. Majoren nekta å fylle ut nødvendige skjema fordi Langmo ikkje hadde utført 1. gongs teneste i forsvaret. Han bad Langmo dra heim til Oslo og gjekk frå kontoret. Langmo fylte ut skjemaet og fekk utlevert våpen og uniform. 4 år seinare vart Langmo Kaptein i den norske hæren. Så langt ein kjenner til utan noko form for militær utdanning frå Det norske Hæren. Den britiske historikaren William Mackenzie har skrive historia til SOE - Special Operations Executive - sabotasje- og spionorganisasjonen der Martin Linge bygde opp og fekk ansvaret for den norske avdelinga, etter krigen kjent som Kompani Linge. Mackenzie skriv fritt omsett: «Rubin Langmo var ein av SOEs beste menn. Han var verkeleg modig og eit dedikert medlem av Linge-kompaniet». Truleg var Langmo den første som vart rekruttert til kompaniet av Martin Linge i august 1940 under namnet Ruben Larsen. Langmo flykta til England frå Ålesund 6. mai. På sabotasje- og spionoppdrag i Norge frå juni 1940 med minst 7 ulike norske pass. Han var ein av dei to nordmennene som var med i det misslukka raidet mot Dieppe 19. august 1942.
Undertitel
Krigshelten som forsvann : 1. norske sabotør : 1. medlem i "Kompani Linge"
Författare
Svein Linge
Upplaga
1
ISBN
9788230024027
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
580 gram
Utgivningsdatum
2022-10-26
Förlag
Kolofon
Sidor
287