Gå direkt till innehållet
Norsk pressehistorie
Spara

Norsk pressehistorie

Boka gir ei oversiktleg framstilling av norsk pressehistorie frå dei første avisene i 1760-åra og fram til i dag. Forfattarane tek for seg pressestruktur, endringar i stofftype og vinkling, og profesjonaliseringa av journalistyrket og pressa generelt. Målet er å vise korleis dagens pressestruktur har vakse fram, og hovudvekta i framstillinga er lagt på etterkrigstida, med avpolitisering av pressa, meir marknadsretta journalistikk og sterkare eigarkonsentrasjon. Den reviderte utgåva har óg nytt stoff om utanriksdekking, nynorskpressa, lay-out og nettaviser. Norske forhold blir sett inn i ein internasjonal kontekst, og ytringsfridommens skiftande kår er eit tilbakevendande tema. Rune Ottosen er professor i journalistikk ved Høgskolen i Oslo. Lars Arve Røssland er førsteamanuensis i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Helge Østbye er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
Upplaga
2
ISBN
9788252177701
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
581 gram
Utgivningsdatum
13.1.2012
Förlag
Samlaget
Sidor
271