Gå direkt till innehållet
Nordlandsliv
Spara

Nordlandsliv

Författare:
Norska (nynorsk)
Jon Klæbo (1839-1874) var fødd på Glein på Dønna. Han tok lærareksamen ved seminaret i Tromsø i 1859. Etter ei tid som huslærar i Lyngen reiste han til Christiania der han tok examen artium i 1864 og førebuande prøver til universitetet året etter. Klæbo var djupt religiøs, og tok tidleg landsmålet i bruk sjølv om han skreiv artiklar og bokmeldingar på dansk. Skrivinga tok etter kvart mykje tid, og ved sida av arbeidet som lærar, blei det lite tid til teologistudiet. Tæringssjukdomen mot slutten av 1860-åra gjorde at han i 1871 måtte flytte til Hardanger i håp om å bli frisk. Han døydde like før 35-årsdagen, og er gravlagd på Kinsarvik kyrkjegard. Nordlandsliv inneheld dei litterære tekstane Klæbo skreiv om og frå Nordland - det aller meste på landsmål og det meste klårt rotfesta i det landskapet han reiste frå og sakna sårt. Boka inneheld også ein omfattande biografi om Klæbo. Språkleg er tekstane ført over til moderne nynorsk. Utgåva er ved Hans H. Skei, som sjølv kjem frå Dønna.
Undertitel
Tekstar frå Nordland
Författare
Jon Klæbo
Redaktör
Hans H. Skei
Upplaga
1
ISBN
9788283900095
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
240 gram
Utgivningsdatum
2018-11-14
Förlag
Novus
Sidor
148