Gå direkt till innehållet
Ninkolai
Spara

Ninkolai

inbunden, 2019
Norska (nynorsk)
Om kjønnsidentitet og å miste sine nærmaste. Nina er ikkje lenger Nina, men er endå ikkje heilt blitt Nikolai. Tolv år gammal bur han på garden med besteforeldra Inger og Johannes. Mora har reist tilbake til byen dei to kom ifrå, utan Nikolai. Som ung vaksen flyttar han etter, mest for å finne fotfeste i seg sjølv, men kanskje også med eit håp om å finne mora. Saknet etter besteforeldra, særleg Johannes, dreg med seg glimt frå oppveksten på garden. Der andre tviheldt på Nina, var Johannes den einaste som ville sjå Nikolai. No er han blitt sjuk. Jo nærmare Nikolai kjem seg sjølv, dess meir svinn Johannes. Medan Inger strevar med saknet etter begge, og mor til Nikolai vaknar til live i gøymde minne, ventar kanskje kjærleiken på ein heilt (u)vanleg gut som heiter Nikolai. «Ninkolai» er ein roman om kjønnsidentitet, avvising og kjærleik, om å miste - og finne - sine nære i leiten etter seg sjølv.
Undertitel
Roman
Upplaga
1
ISBN
9788234000027
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
532 gram
Utgivningsdatum
2019-09-25
Förlag
Samlaget
Sidor
399