Gå direkt till innehållet
Nattbarnet
Spara

Nattbarnet

Författare:
inbunden, 2025
Norska (nynorsk)

Nattbarnet er ein litterær krim med mørke og poetiske undertonar. Forteljinga om familie, forteiing og ei fortid ein ikkje kan ta livet av er perfekt for ein mørk haustkveld.

For fleire hundre år sidan vart Stegleholmen brukt som rettarstad, og hittil har folk flest late den vere i fred.

Då eit byggeprosjekt ute på holmen grev opp gamle knoklar, blir faren til Helene meir forvirra enn han alt er. Han verkar redd og begynner å gå ut om natta. Helene reiser heim frå eit retningslaust liv i Oslo for å hjelpe han.

Somme trur at beinfunnet stammar frå dei dødsdømte som skal ha blitt avretta på holmen. Men kort tid etter at Helene kjem heim, blir ei kvinne funnen drepen der ute. Folk i bygda leitar etter svar, men kven kan ein stole på? Helene begynner å grave i saka. Snart finn ho seg sjølv midt i eit ope sår, med menneske rundt seg som kan gå langt for å forteie sanninga.

Samtidig drøymer den unge og naive Connie om eit betre liv, helst i det ærverdige Dokterhuset, under vengen til den godt vaksne Stella. Men er dette rette plassen for henne og barnet som veks i magen? Det viser seg snart at huset rommar løyndommar og ein historie som ikkje burde vekkast til live.

Og er beina på holmen så gamle som ein først trudde?

Författare
Laura Djupvik
Upplaga
1
ISBN
9788202836016
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
404 gram
Utgivningsdatum
2025-08-18
Sidor
364