Gå direkt till innehållet
Mopeddagbøkene
Spara

Mopeddagbøkene

Författare:
Norska (nynorsk)
MOPEDDAGBØKENE tek føre seg både framsida og baksida av Vietnams utviklingsmedalje, og boka gir eit unikt innblikk i eit land alle burde vite meir om.
Så seint som på 1980-talet var landet svært fattig, krigsherja og isolert. Sidan har landet hatt ei veldig økonomisk utvikling, blitt verdsmeister i fattigdomsreduksjon og blitt heim til ei raskt veksande middelklasse.
Levestandarden har betra seg dramatisk. Ein har betre helse og får betre utdanning. Mange kan gå ut og ete, og ein har tilgang til alt det forbrukssamfunnet tilbyr av gleder og sorger. Vietnam har til dømes gått frå å vere eit land av syklar til å huse nesten åtti millionar mopedar, fordelt på omkring hundre millionar innbyggjarar.
Ved hjelp av ei særeigen blanding av sosialisme og marknadsøkonomi har Vietnam blitt ein av verdas største utviklingsuksessar. Samtidig trugar nye former for ulikskap den sosialistiske draumen, politiske rettar blir innskrenka, og ei rekkje miljøproblem fører til nye utfordringar.

Undertitel
Utviklingssuksess og kvardagsliv i det nye Vietnam
Författare
Arve Hansen
Upplaga
1
ISBN
9788251304146
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
201 gram
Utgivningsdatum
2025-07-24
Sidor
139