Gå direkt till innehållet
Lobotomert
Lobotomert
Spara

Lobotomert

Författare:
Norska (nynorsk)
Läs i app eller ladda ned
Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor held legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk livet øydelagd etter inngrepet. I «Lobotomert» tek Oddrun Midtbø bort sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i handsaminga av personar som var sinnslidane, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter menneska som utførte inngrepa. Og dei som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur. I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte. Midtbø har vore frilansjournalist i nærmare 40 år, og er kjent for den kritikarroste boka «Harastølen. Heimen for dei utstøytte» (2023), som vart kåra til «Årets indiebok» i kategorien sakprosa. Bøker gitt ut på eige forlag. Under arbeidet med den boka oppdaga ho ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante, Juliane Marie, som var innlagt som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene? Kampen for innsyn i pasientjournalen hennar er den raude tråden i denne sterke forteljinga. Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndverkslova eller avtalar om kopiering som er inngått med Kopinor.
Undertitel
Ein skamplett i psykiatrihistoria
Författare
Oddrun Midtbø
Upplaga
1
ISBN
9788269323344
Språk
Norska (nynorsk)
Utgivningsdatum
2026-03-09
Förlag
OMI forlag
Tillgängliga elektroniska format
  • Epub - vattenmärkt
Sidor
285
Läs e-boken här
  • App
  • Läsplatta
  • Dator