Gå direkt till innehållet
Leik i barnehagen
Spara

Leik i barnehagen

Kva meiner vi eigentleg når vi snakkar om leik i barnehagen? Denne boka gir studentar og barnehagelærarar eit teoretisk og profesjonsfagleg grunnlag for å forstå, analysere og vidareutvikle leik i barnehagen. Forfattarane presenterer teoretikarar som beskriv leik innan utviklingspsykologiske og kulturhistoriske tilnærmingar, filosofiske tilnærmingar, psykodynamiske tilnærmingar, sosialantropologiske tilnærmingar og leik i evolusjonsperspektiv. Presentasjonane av teoriane er knytt til arbeid i barnehagen. Som avslutning blir det vist til behov for fleire teoriar og diskutert om leik kan sjåast som demokratiske danningsarenaer. Boka gir innsikt i leik som utviklingsarena, danningsprosess og kulturell praksis – og styrkjer barnehagelæraren sitt faglege skjønn i møte med ein kompleks kvardag. Saman med boka om Læring i barnehagen dannar denne utgivinga bevisstheit og fagleg grunnlag for å sjå samanhengar mellom perspektiv på leik og læring og korleis ein kan arbeide i barnehagen.
Undertitel
Teoretiske perspektiv og pedagogisk praksis
Upplaga
1
ISBN
9788245061215
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
310 gram