
Langt der nede
Balansekunstnaren Tell Teigen frå Høyanger, som også budde i Årdal, tilfører boka eit historisk, dokumentarisk tilleggs-perspektiv. Boktittelen «Langt der nede» er derfor eit bilde på denne våghalsen, samtidig som lesaren har ei medrivande kjensle av dei høge og bratte fjella, som omkransar denne bygda innerst inne i Sognefjorden, langt der nede.
«Årdal, staden i Noreg der det vart seld flest Fiatar i høve til folketalet. Endeleg kjem det ei bok som dykker ned i dette spesielle samfunnet inst i Sognefjorden, der sosialdemokratiske draumar møter den nye pop- og rockekulturen, blanda med lukta frå smelteomnar og anodestøyperi. Odd Nygård vaks sjølv opp her, og har i boka Langt der nede skapt romankarakterar ut frå miljøet som forma han sjølv, på slutten av 1960-åra.»
Morten Jentoft, journalist
«Dei dramatiske hendingane i den store verda er bakteppet for Odd Nygård sin roman om ungdommar på veg inn i vaksenlivet i Årdal. ‘Langt der nede’ er forteljinga om heimbygda, både med eit kjærleg og reflekterande blikk.»
Per Jon Odéen, journalist og forfattar
- Undertitel
- Ein oppvekstroman frå Røykhola
- Författare
- Odd Nygård
- Upplaga
- 1
- ISBN
- 9788284162560
- Språk
- Norska (nynorsk)
- Vikt
- 443 gram
- Utgivningsdatum
- 2025-04-22
- Förlag
- Publica
- Sidor
- 298