
Kommunikasjon i profesjonsutøving
Profesjonar i helse- og sosialsektoren har til felles at dei skal utøve arbeidet sitt i andletsnære relasjonar til brukarar: pasientar, klientar og pårørande. Sjølv om dei har omfattande sakkunnskapar, nyttar denne lite om ikkje utøvaren evnar å omsette denne kunnskapen i relasjonen til brukaren. Slik relasjonskompetanse har tradisjonelt vore undervurdert i utdanningane, og praksis på dette feltet er ofte tilfeldig.
Utgangspunktet for denne boka er at profesjonsutøvarar har eit overordna fagleg ansvar, også for det relasjonelle. Berre slik kan statusen til denne kompetansen aukast og praksis utviklast og betrast.
Tor-Johan Ekeland er professor (dr.philos.) emeritus i sosialpsykologi ved Høgskulen i Volda.
- Undertitel
- Ei innføring for helse- og sosialarbeidarar
- Författare
- Tor-Johan Ekeland
- Upplaga
- 1
- ISBN
- 9788215067292
- Språk
- Norska (nynorsk)
- Vikt
- 419 gram
- Utgivningsdatum
- 2024-10-29
- Förlag
- Universitetsforlaget
- Sidor
- 195