Gå direkt till innehållet
Just kids
Spara

Just kids

Författare:
inbunden, 2012
Norska (nynorsk)
I denne boka fortel musikaren og forfattaren Patti Smith om sitt venskap med fotografen Robert Mapplethorpe på 60- og 70-talet i New York. Året er 1967. Verda står på kanten av ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max’s Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel. Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing frå Smith til hennar elska venn Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv i byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire. Til norsk ved Brit Bildøen.
Författare
Patti Smith
Översättare
Brit Bildøen
Upplaga
1
ISBN
9788252180381
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
499 gram
Utgivningsdatum
2012-03-19
Förlag
Samlaget
Sidor
315