Gå direkt till innehållet
Framom døden
Spara

Framom døden

Författare:
Norska (nynorsk)
«Framom døden» skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske motiv. Forteljinga ovrar seg gjennom eit vell av ulike stemmer, og vi kjem tett på det grunnleggjande menneskelege. Faulkner plukkar frå kvarandre den tilsynelatande velordna verda i dei nordamerikanske sørstatane og syner fram uhyggelege skuggesider.

Faulkner skreiv romanen i løpet av nokre få veker i byrjinga av 1930-åra. Då var forfattaren inne i ein svært skapande periode, der han med hell freista nye stilleie og nye vegar innan modernismen. Bøkene er prega av medvitsstraum hos karakterane (stream of consciousness), skiftande perspektiv og sterk stilistisk eksperimenteringsvilje. "Framom døden" er blant dei best kjende verka til Faulkner og er eitt av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Författare
William Faulkner
Översättare
Sivert N. Nesbø
Upplaga
1
ISBN
9788279593331
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
310 gram
Utgivningsdatum
2021-11-01
Förlag
Skald
Sidor
257