Gå direkt till innehållet
Eidsborgbryne
Spara

Eidsborgbryne

Norska (bokmål)
Den storstilte utvinninga av brynestein i Noreg var tett samanvoven med den samfunnsøkonomiske utviklinga, både regionalt og nasjonalt. I yngre jernalder, og særleg i vikingtida (ca. 800-1030 e.Kr.), blei regional spesialisering, overskotsproduksjon og handel stadig meir utbreidd. Dei seinare åra har ein fått større forståing for kva innlandet og utmarksressursane hadde å seie for utviklinga som leidde fram til vikingtida, og seinare til framveksten av det nasjonale kongedømet. Utan jern, tjøre, brynestein, ull, horn, skinn og pelsverk ville ein ikkje hatt føresetnader for oversjøisk handel, hegemoni på havet eller militær makt. Difor baud Vest-Telemark Museum, Vestfold og Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark inn til det fyrste Eidsborgseminaret i 2021. Seminaret tok føre seg vikingtid og tidleg mellomalder i Eidsborg og Vest-Telemark. Målet var å få betre oversikt over kva ein veit, og vidare avdekkje kvar ein bør setje inn den vidare forskingsinnsatsen. Artiklane i denne boka tek føre seg og vidareutviklar viktige tema frå seminaret.
Undertitel
Utmarksressurs og handelsvare i vikingtid og mellomalder
Upplaga
1
ISBN
9788283051377
Språk
Norska (bokmål)
Vikt
450 gram
Utgivningsdatum
2022-10-11
Sidor
179