
Dommedøgn
I Dommedøgn følgjer vi fleire av bebuarane i Berg, blant anna den profetiske og merkverdige tenåringen Linn, som er sikker på at noko ille kjem til å skje. Hennar einaste venn i verda er Fiver, ein kvit kanin med raude auge, som også er klarsynt. Eller? Inga, som er ordfører og desperat prøver å få nye bedrifter til bygda ved hjelp av statlege omstillingsmidler. Ragnhild, ein misantrop og nyleg arbeidsledig narkoman som prøver alt ho kan for å røske opp i stillstanden. Heimesjukepleiaren Cecilie, som får eit merkeleg vennskap med ein gammal pasient. Dei prøver alle å gje meining til ein eksistens som verkar å ha mista ho, men frå fjellet, ute i fjorden, heng ein stein som stadig trugar med å falle i vatnet.
Dommedøgn blei nominert til Ungdommens Kritikerpris i 2014.
- Författare
- Kjersti Wøien Håland
- Upplaga
- 2
- ISBN
- 9788282881401
- Språk
- Norska (nynorsk)
- Vikt
- 110 gram
- Serie
- F° (del 276)
- Utgivningsdatum
- 6.5.2016
- Förlag
- Flamme
- Sidor
- 192