Gå direkt till innehållet
Dikt i samling
Spara

Dikt i samling

Författare:
inbunden, 2019
Norska (nynorsk)
Eldrid Lundens forfattarskap står i ei særstilling i norsk lyrikkhistorie. Verksemda hennar som poet, essayist og kunstfagleg gründer ved Forfattarstudiet i Bø er eineståande, og bygger m.a. på ein vedvarande fagleg refleksjon både som personleg utfordring og i historisk samanheng. Poesibøkene hennar er intenst nærverande, men kan samtidig røre seg i grenseland til aforismen.

Alle dei elleve diktsamlingane hennar er med i denne utgjevinga, frå debutboka 'f.eks. juli' som kom ut i 1968, til den siste samlinga 'Det er berre eit spørsmål om tid' frå 2018. Den nyaste diktsamlinga krinsar rundt spørsmål om nærvær og død. Boka viser fram den mjukare sida av forfattarskapen. Som i dei andre samlingane sine, går Lunden også her i dialog med tenkjarar frå historie og samtid og gjer dei akutt levande og aktuelle for oss. Det er denne kombinasjonen av - ofte overraskande - tankesprang og visuell klårleik, utført med ein sjeldan språkleg presisjon, som gjer skrivestilen til Lunden unik og til ei sjeldan lesaroppleving.

«Aschehoug utgav i 2019 Lundens Dikt i samling. Det er en praktfull utgivelse. Vakker, mektig, og ja, samlende. Et begrep som innholdsrik kommer her helt til sin rett. Å lese de elleve verkene kronologisk, og gjerne innenfor et avgrenset og konsentrert tidsrom, fra første til siste utgivelse (1968 til 2018), er en fryd.» Aasne Linnestå (utdrag fra essay i Klassekampen)
Undertitel
1968-2018
Författare
Eldrid Lunden
Upplaga
1
ISBN
9788203364976
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
1130 gram
Utgivningsdatum
2019-06-24
Förlag
Aschehoug
Sidor
562