Gå direkt till innehållet
Det sviv ikkje lenger
Spara

Det sviv ikkje lenger

inbunden, 2019
Norska (nynorsk)
Det som var nytt og letta livet for oss i går, kan vera avleggs i dag. Ein morken telefonstolpe som ver og vind har fare ille med, og som nærast står oppreist av gammal vane, stadfestar dette. Ein slipestein og mosegrodde kvernsteinar som ikkje har gått rundt på årevis, vass- hjulet som dreiv saga, og dreiebenken for tilverking av dei første jærstolane i kongeriket er borte. Vegen som «Sterke-Jon» frå Tengesdal bygde med eigne hender, ein steinbukk, slegge og spett, ligg framleis traust og trygg, men utan nytte til det han vart bygd for. Separatoren, løypestrengen, lauvstakken, hesplatreet, spinnerokken, ektesenga med namn på ektefolket og årstal då senga vart teken i bruk, er alle døme på farne tider. Historia lever ikkje sitt eige liv. Alle generasjonar har bruk for oppdatering av historia. Berre på denne måten kan me fornya kunnskapen om og innsikta i korleis folk tenkte, levde og arbeidde i farne tider.
Undertitel
Gardsbruk i Hjelmeland, avsidesliggjande og fråflytta
Upplaga
1
ISBN
9788281402539
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
1190 gram
Utgivningsdatum
2019-11-29
Förlag
Wigestrand
Sidor
340