Gå direkt till innehållet
Barça
Spara

Barça

Författare:
inbunden, 2021
Norska (nynorsk)
Mykje meir enn ein fotballklubb. FC Barcelona er ein av verdas største og mest populære fotballklubbar. Over heile verda går folk med fotballtrøyer med Messi, Xavi og Iniesta på ryggen. Klubben er ei global merkevare og eit viktig symbol på katalansk identitet. Og ulikt dei fleste store fotballklubbar er FC Barcelona eigd og styrt av klubbmedlemmene. I boka "Barça. I kamp sidan 1899" går forskaren og fotballentusiasten Johannes Nymark på jakt etter klubben sin eigenart. Han fortel levande og kunnskapsrikt om kvifor el Barça er annleis enn andre fotballag og korleis klubben er knytt til katalansk politikk, kultur og samfunn. Området stod tidleg for modernitet, fridom, demokrati og kosmopolitisme, som også blei berebjelkar for FC Barcelona sin identitet. Nymark viser gjennom sentrale personar i klubben, mellom andre Cruyff, Maradona, Messi og Guardiola, korleis klubben har fått den identiteten katalanarane i dag forbinder med el Barça. Men kva gjer den nye økonomien med FC Barcelona si opphavlege sjel? Vil hopehavet med diktaturet Qatar gjera slutt på klubben sin identitet? Johannes Nymark (f. 1949) er førsteamanuensis emeritus ved NHH, der han har undervist i spansk språk,og historie, kultur og samfunn om Spania og Latinamerika ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.
Undertitel
I kamp sidan 1899
Författare
Johannes Nymark
Upplaga
1
ISBN
9788234004773
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
351 gram
Utgivningsdatum
20.9.2021
Förlag
Samlaget
Sidor
210