Gå direkt till innehållet
Arvid Mæland
Spara

Arvid Mæland

Författare:
nedladdningsbar mp3, 2023
Norska (nynorsk)
Lyssna i vår app eller ladda ned
Røvarhistorier og livsalvor Dette er forteljinga om cowboyen, bonden og jærbuen Arvid Mæland. Han sjarmerer, engasjerer og irriterer. Det siste ville påfunnet hans er å hogga ut hovudet til kong Harald i fjellet over garden Lauperak i Bjerkreim der han bur. Mæland sitt liv er ikkje A4. Han køyrde sjølv til skulen med lastebil i fjerde klasse, tok med seg esel då han vart kalla inn til førstegongsteneste og kjøpte ein gigantisk ranch i Arkansas på impuls. Mæland har nærast reist verda rundt som ein utradisjonell reiseleiar, og i vaksen alder fekk han ADHD-diagnose. Mæland har hatt sin del av motgang, men er ein kløppar til å snu ein kvar situasjon til ei positiv oppleving, både for seg sjølv og for dei rundt. Det er ikkje alltid det går i pluss, men det er heller ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at det skjer noko nytt. Mange har blitt kjende med Arvid Mæland gjennom NRK-serien Cowboyen og Kongen. Men kven er han eigentleg? Eit ekte mannfolk? Ein villbasse? Ein tulling? Eit geni? Journalist Håvard Ovesen har hatt mange samtalar med Mæland for å finne svar på desse spørsmåla. Boka er full av røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar, men inneheld også innblikk i kva det kostar å leva med stadig tankespinn, uro og ustyrleg skaparkraft.
Undertitel
Mitt liv som cowboy
Författare
Håvard Ovesen
Uppläsare
Oddgeir Thune
Upplaga
1
ISBN
9788234011719
Språk
Norska (nynorsk)
Utgivningsdatum
2023-10-16
Förlag
Samlaget
Tillgängliga elektroniska format
  • MP3 - i en fil
Speltid
3tim 31min
Lyssna här
  • Adlibris app
  • Dator